lørdag 10. mars 2012

Utenlandsproffen

Som liten hadde eg, saman med mange andre, ein draum om å verte fotballproff i utlandet. Å sei at det har skjedd er ein overdrivelse av astronomiske storleiker, men fotballspiller i utlandet har eg i alle fall klart å bli. Sidan eg flytta til Martin i haust har eg trent med, og sist lørdag skreiv eg under for fotballklubben TJ Družstevník Dražkovce. Dermed er det vel på sin rett å gratulere Orstad IL med det eg antar er det fyrste "spillersalget" til utlandet nokon gong. Gratulerer.

Som i alle andre amatørklubber trener vi to ganger i veka. Det er med andre ord ein rimelig treningsmengde, men det skal nevnast at det som skjer på trening er noko anleis enn slik det er heime. Stor sett byrjar me med å jogge/løpe intervaller. I Noreg er det svært uvanlig å kjøyre kondisjonstrening som oppvarming, men så er da også slovakerene svært uvanlige. Etter på kjøyrer vi ofte to typer øvelser. Gjerne ein med høgintensistet (den kjem sjølvsagt fyrst) for deretter å ha ein med mindre intensistet. Til slutt deles det i to lag som spiller mot kvarandre.

Det største problemet for meg er definitivt språket. Eg har alltid våre ein som snakker mykje på bana, og det er uvant, og nokon gonger frustrerande, å ikkje kunne diskutere med lagkameratene mine. Ellers skal det også nevnes at det også er mykje bra med organiseringa av fotballen her nede. Til dømes treng me knapt ha med oss tøy til kamp. Me får utdelt drakter i garderoben før kamp, og desse vert vaska av nokon i klubben etterpå. Også håndkleder får me utdelt, så dermed er det i grunnen berre sko og leggbeskyttere eg må ha med meg. Etter trening og undervegs i kampane vert det også servert te. Eg er usikker på om dette gjeld også om sommeren, men det er i alle fall genialt nå som det er vinter/vår.

Til nå har eg fått våre med på to treningskamper. Sist søndag spillte me mot eit lag som ligg i 3 divisjon (to divisjonar over oss) og klarte eit bra uavgjort resultat. (1-1) Eg spillte heile andre omgang på høgre back. I dag har eg fått spillt nok ein treningskamp for klubben, og fekk denne gong tillit frå start. Eg spillte heile 90 minutter som defansiv sentral midtbane, ein posisjon eg aldrig hadde spillt før. Også formasjonen var ny for meg (ein slags 3-2-2-1-2) så det tok litt tid å komme inn i kampen. Bana, om me skal kalle ho det, var heller ikkje bra. Det lå ein eim av høy over heile matta, og det virka i grunne som om dei hadde sett opp mål i begge ender av ein slått åker. Til slutt tapte me 5-1, men eg var likevel ganske nøgd. Kånå var tilskuer og kunne bekrefte dette. Eg var også nermest scoring for laget vårt sett vekk frå det eine målet me fekk.

Det var i grunnen det heile for nå, men det kjem sikkert fleire raporter etter kvart. Under kjem det også nokre bilder som kånå tok frå sidelinja.

Dražkovce spiller for anledninga i mørke blått og det er eg som har nummer 4 til høgre i bildet.

Her er eg heilt til høgre, og prøver å stoppe eit angrep frå det andre laget.