torsdag 1. desember 2011

Movember

November har våre ein månad som me her i heimen ikkje heilt forstår kvar vart av. I tur og orden har me begge våre sjuke og kånå har i tillegg hatt kredit i patho-anatomi, noko som nok var den største utfordringa for henne dette semesteret. November, eller movember, er for menn ein månad kor det mannlige kjønn sett fokus på prostatakreft gjennom å gro bart. "Mo" er eit slangord for det engelske "moustache" som direkte oversett til norsk tydar bart, og derav det noko svette movember. Dei fleste har meldt seg inn på movember.com kor ein legg ut bilde og får folk til å støtte barten sin økonomisk til inntekt for prostatakreftforskning. Underteiknede er intet unntak, dog intensjonane nok ikkje er dei same som for mange. Eg har nemlig ikkje våre knytta til denne sida, då eg går for ei meir kvinnelig tilnerming til prostatakreftproblemet. På same måte som det ikkje hjelp nokon som helst at kvinner forteljar på facebook kvar dei har sett frå seg veska si, eller lyg om at dei skal bu i utlandet, så har heller ikkje eg oppnådd noko meir enn å rette fokuset og annerkjennelse mot ein god sak.

Prosjektet byrja nemlig i slutten av oktober då kånå foreslo at eg skulle spare for å sjå korleis eg vart med skjegg. Dette var eit forslag ein relativt lat mann som meg ikkje kunne sei nei til, då det førte til mindre arbeid med å stelle ansiktet. Me inngjekk derfor ei pakt om at barberingsstoppen skulle vare til fyrste desember. I dag var dagen kommen då barberhøvellen skulle fram igjen, og som dei vaksne personane me er så vart det heile gjort trinnvis. Dette med det utgangspunktet å sjå ann eventulle framtidge "look'er."

Derfor skal eg nå slutte å gjere ein liten historie lang, og heller byrje med det eg kan best her på bloggen. Nemlig å kommentere bilder enkeltvis:


Dette var resultatet etter ein månad, og dette er altså den lettstelte utgåva.

Dette vert då den meir krevjande boren til den over. Eg kallar han "innvandraren" eller "BMW'en."

"Smultringen" er ein gammal kjenning som for meg assosieres med ord som "kampingplass" og "svenskehandel." Det finnes dei som kler denne, men underteiknede er nok ikkje ein av dei.

"Utkasteren" eller "trailersjåføren." Eg byrja å nynne E6 av DDE umiddelbart då denne var i boks, og syntes dessutan at vonderbaum var hendig saker.

"Franskmannen" eller "musketeren." Om du ikkje får lyst på baguette av denne, så veit ikkje eg.

Denne kalla eg berre "sonen til faren." Noko meir treng ein vel ikkje sei...

Til slutt var det "etter" bildet. Tilbake slik det kjem til å sjå ut dei neste månadane.
Heilt til slutt så må eg vel kanskje opplysa om at dette fyrst og fremst har våre eit personlig prosjekt, og at det ikkje er meininga at folk skal stemme fram sin farvoritt. Likevel skal ein ALDRIG undervurdere massenes påvirkningskraft...

6 kommentarer:

  1. Kuuuult, Espen!! Hehehe... Eg tror forresten meg å deg har enn avtale om at du sko ha skjegg når dokk kom heim t jul...? Så du kan jo begynna å spara igjen t :P Hvis du får lov av kånå då seff ;)

    SvarSlett
  2. Det er godt å sjå at du forstod hva som måtte til for at du skulle få komme hjem til jul :-)

    SvarSlett
  3. Kjempekult!! Skjegg er tingen - og så er det bare å finne fram høvelen en gang eller to i uka:-))

    SvarSlett
  4. Det er jammen godt å være gift med en jeg har det så morsomt sammen med!
    Jeg er visst datteren til moren min innser jeg, for min stemme går til fullskjegg jammen - barskingen!

    SvarSlett
  5. Jeg stemmer for utkasteren. Litt mer egg og bacon til frokost, middag og kvelds, så er det ikke lenge før du ser ut som han her:
    http://en.wikipedia.org/wiki/Paul_Teutul,_Sr.

    SvarSlett
  6. Det du kaller "franskmannen / musketeeren" heter vel i sjegge-miljøet, "The Zappa", etter Frank Zappa :-D Anbefaler forøvrig sjeggbloggen her: http://www.dyers.org/blog/beards/ Sjekk spesielt ut "the Beard Type Chart" ;-)

    SvarSlett