fredag 20. januar 2012

Slalom baby, slalom!

Utsikten på veg opp i hundedalen
Som studenter har me moglegheit for å bruke tida vår veldig fleksibelt. Derfor valgt me i går å ta oss heilt fri, og reiste til fjelds for å stå på ski. Det var veldig tidlig for oss å stå opp, då me ennå er delvis inne i juleferiens søvnrytme. "Heldigvis" fekk me hjelp av far til å finne fram utstyret, og me kom oss etter kvart avgårde. (Då me kom opp hadde far berre pakka staver til ein av oss) Turen opp gjekk knirkefint, og då me kom opp i sirdalen glimta til og med sola fram. Me brukte litt tid på finne ut kvifor eit skitrekk me skulle velge, men etter å ha kjøyrt opp og ned dalen falt valget på Tjøromfjeld. Det var forøvrig det einaste trekket som var åpent.

Då me endelig kom i gang hadde det byrja å snø, og det var derfor også ganske jordmørkt. Det er i alle fall eit forsøk på å borforklare det faktum at me brukte ganske lang tid på å finne igjen ein skiteknikk som har låge på loftet saman med skia i to år. Etter å ha funne igjen gamle kunster var det tid for ein matpasue. Den skal i følge tradisjonen være vel så god som sjølve skikjøyringa, og inneholdt blant anna heimesmurt matpakke, rett i koppen, kaffe, appelsin og sjokolade. Då me igjen kom oss ut i snøen hadde det byrja å snø tettare. Dette gjorde  det både litt vanskelig å sjå, men også at me kjøyrte på pudder stort sett heile dagen.

På vegen heim tok me det veldig med ro, då me hadde høyrt at det hadde våre mange ulykker heime. Dette førte til at me kom oss trygt heim, til tross for at det var galne tilstander ved eit par anledninger. For å oppsummere dagen så seier i grunne bildet me tok før me reiste det meste. Det kan nemnast at mannen falt mest, medan kånå trynte skikkelig og har i dag ein stiv nakke og ei vond skulder som påmindelse på kvifor ho kjøyrar med hjelm. Me storkoste oss og kjem nok til å gjenta dette også neste år (om ikkje før).

1 kommentar:

  1. Spreke folk!! Små "vondter" dagen derpå er vel til å leve med - eller kanskje det er lurt å kjøre bare litt mere forsiktig??

    SvarSlett