onsdag 15. februar 2012

Martin om vinteren

No har me våre heima i Martin i to og ei halv veke, og for meg, som opplever den sentraleuropiske vinteren for fyrste gong, har dette virkelig våre anerledes enn det eg har opplevd før. Til tross for relativt god erfaring med snø og kulde gjennom skiturer i veldig dårlig vær, oppleves vinteren her nede som veldig ekstrem. Alereie då me kom til Krakow og fant taxisjåføren vår fekk me ein forsmak på kva som venta oss. Han kunne nemelig fortelle oss at myndighetene hadde gått ut i media og advart mot artisk kulde ned mot -30 grader. Heldigvis har me ikkje fått oppleve dette, men den fyrste veka hadde me tempraturer som låg mellom -15 og -10 grader. Det var kaldt nok og ein dag med eitsifra minusgrader vart for oss derfor ein "varm dag." Kulda føles ikkje på kroppen på same måte som den gjør på vestlandet, men er nok meir lik den bitande kulda på austlandet. Både lufta og snøen er veldig tørre, og dette gjør at det ikkje vert glatt på same måte som heime. Det er nok derfor folk her nede ikkje bruker vinterdekk slik som vi gjør heime i Norge. I løpet av den andre veka så endra været seg veldig og me fekk mildare tempraturar, men også vind. Tempraturen låg på rundt -7 grader, men vinden gjorde at det nok vart effektive kuldegrader ned mot -20. Før helga snudde dette heldigvis igjen og me har nå fått mildvær utan vind. I dag (15.02) er det -2 grader og i går (14.02) hadde me plussgrader (+2 grader) for fyrste gong sidan me kom ned. Snøen har låge heile perioden, men i dag er fyrste gong det snør tett. Under kjem nokre bilder me har toke ved tre forskjellige anledningar. Dei fyrste er frå ein tur me var ute på midt i den andre veka. Då me kom heim etterpå måtte me gå rett i dusjen for å tine oss opp igjen. Heldigvis har me det relativt (Tonje er ikkje heilt enig) varmt inne.
Martin sentrum

Dette bildet er toke frå bygrensa mot åsane som ligg sør-aust for byen


Landsbyen Dražkovce kor eg mest sanslynlig skal spille fotball dette året

Heimebana vår i Dražkovce

Martin by sett frå aust med dei små Fatra fjella i bakgrunnen.

Dette bildet er tatt på veg til Tesco. I bakgrunnen kan ein sjå dei store Fatra fjellene nord for byen. Her ligg den høgstliggande fjelltoppen rundt oss. Veľký Kriváň ligg på heile 1708,7 meter over havet. Martin sentrum ligg på 395 m.o.h.

Dette bildet tok Tonje ein dag ho var ute på tur med Marie i Skansen. (lokalt turområde) Det viser kor fantastisk vakkert det er her nede og kor fantastisk fin natur me har.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar