onsdag 31. august 2011

Teknologi med meir

Som tidligare nemnt har eg fått ny iPhone 4 til fødselsdagen min, og den trives eg veldig godt med. Den kjøyrar veldig mykje betre enn den gamle iPhonen min som var av andregenerasjon, og derfor har eg kunne ta opp igjen spill som som den gamle telefonen ikkje klarte å kjøyre utan forstyrrande element. Kort oppsummert er mannen veldig nøgd med kånå si!

Om alt anna skulle gå gale så tydar mykje på at den nystifta familien Kirkeby kan slå seg opp som flyttefolk. Me rydder i tingene våre og pakker i esker som lagres i måltrostveien eller i kofferter som skal vere med til Slovakia. Her om dagen var me i Gaupeveien (les: eigen post) for å gi Eivind meir plass til sitt eige rot. Blant dei tinga me fann var den gamle pcen til Tonje. Me kunne ikkje heilt hugsa kva som var gale med han, men me vart enige om at me skulle gje han ein sjanse til. Då me starta opp gjekk det fort opp for oss kvifor me hadde lagt han vekk, men kånå har magiske hender og med litt kjærlighet så tok pcen til veit og virka slik den skulle. Det gjorde den også når me starta han andre gong, og nå ser det ut som om han rett og slett trengte to år med kvile og litt kos under oppstart.

Når eg skriv fungerer, så er dette i aller høgaste grad relativt, det er framleis snakk om ein pc og opprativsystemet er framleis windows. Det vil kort forklart seie at det ikkje er mogleg å formatera noko som helst grunna feilmeldingar etter kvart einaste tastetrykk. Dessutan får me inn trålaust nettverk, utan at nettlesaren virker av den grunn. Nok ein gong "feilmeldingproblemet" og det er heller ikkje å legge sjul på at også nettlesaren er levert av Microsoft. Eg innser vel etter kvart at det berre er å bite i det sure eple og ringe min bror som både har betre peiling og betre tålmodighet enn eg har.

Det positive (kjem ann på kven som ser) i det heile er at eg fekk til eit gamalt spill som eg ikkje har fått brukt på lenge i mangel av ein pc å kjøyre det på. Derfor har eg i dag fått spille Medieval II: Total War, som er eit strategispill med utgangspunkt i middelalderen. Trivsel for mannen og mange rare blikk frå kånå. Etter middag fekk eg ikkje spille meir for då sa kånå at eg hadde fått nok, så derfor vart det blogg i staden.

5 kommentarer:

  1. Eg lurer på kefor en plass du har i diktaturet nå?? :-)

    SvarSlett
  2. Ein kan ikkje anna enn å gratulere med ny telefon!

    Dernest må eg spørja kva den gamle PC-en heiter. I beste fall kan du komme langt med å putte i den to nye rambrikker til 200-300 kroner og/eller ein ny harddisk til ein halv høvding.

    At den ikkje skulle kunne formaterast høyrast mest litt for dumt ut.

    SvarSlett
  3. Den heter Acer Aspire 3690 etter hva jeg vet i hvert fall :)

    SvarSlett
  4. Det er jo en fin maskin det. Høres ut som den trenger en ren installasjon av Windows, men burde fungere ok. Med mindre det er noe fysisk galt med den selvsagt ;D

    SvarSlett
  5. Det er en fin maskin, for jeg kjøper nemlig bare ting som er fint ;)
    Vi reiser til Oslo i morgen, og det blir roadtrip, så det kan hende at vi kommer innom deg en tur på veien bort eller hjem - hvis det er greit for deg selvsagt :)

    SvarSlett