søndag 25. september 2011

Fug og Fisk

Då me flytta inn i leiligheten for to veker sidan var det ikkje alt som var ferdig. Blant dei tinga som ikkje var heilt ferdige var dusjen vår. Det virka som om arbeiderane rett og slett hadde tenkt at fuging er for pyser, og at me som flytta inn sikkert ikkje ville reagere på ein halv centimeters mellomrom mellom dusjkabinettet og veggen. I god kombinasjon med eit sluk som ikkje klarer å få unna vannet fort nok har me operert med håndklær på gulvet for å ikkje oversvømme heile leiligheten. Etter ei veke med masing kom det endelig folk for å fuge. I god slovakisk stil var det ikkje arbeidsfolk som kom, men sekretæren til huseigaren og ein kompis av henne. Dei fuga kun på innsida av dusjen og kun på den eine veggen. Dessutan hadde dei ikkje tape, så sjølve fuginga vart ikkje akkurat jamn.

Ergo: Me var ikkje heilt nøgd med resultatet, og kom til den konklusjonen at her er det berre å ta ansvar sjølve. Derfor gjekk me til anskaffelse av fug/silikon av typen gjennomsiktig, (kjøpte fyrst kvit, og måtte ut ein tur til) og fekk dessutan låne ein fugepistol av Anders. (Han som formidla kontakten slik at me fekk leia leiligheten i utgangspunktet)

Til tross for at ingen av oss hadde våre borti denne typen arbeid var det aldrig tvil om kven som skulle utføre handverket. Bakgrunnskunnskap og erfaring henta eg frå å søke i google og ved å "chatte" med mor på "fjasbokå." Sjølve ugjerninga vart i grunnen aldrig veldig dramatisk og kort fortalt vart eg omlag 94% nøgd. Dei 6% i trekk er forde eg var usikker på kor tjukt lag eg måtte legge, og det førte til at det lak litt under lista. (Dette er sjølvsagt ikkje godt nok for ein perfeksjonist) I skrivande stund ligg det imidlertidig eit nytt lag fug over nemnte område, så i morgon skulle det være i orden, og dermed vert det også mogleg å ta ei revurdering av graden sukses på arbeidet totalt.

Mistruande som slekta mi er over evnene mine til å utføre praktisk arbeid så legg eg også ved nokre bildeprov. Sjå og lær:

 Frå utsida av dusjen
 Frå innsida av dusjen
Den nemnte lista. (Etter ny behandling)

Del to av dette innlegget handlar om at me torsdag, altså same dagen som grovarbeidet vart utført, hadde fisk til middag. Dette som eit ledd i den omfattande "lev eit sunnare liv" prosjektet som har ramma familien Kirkeby på det hardaste. Fisken var av typen "pink salmon" og var levert av den ikkje ukjente produsenten Findus. Den vart tilberedt på ei seng av raudlauk med salt, pepper og chili samt eit lass med paprika oppå. Servert vart han saman med foccaciabrød. Tilbehøret, omstendighetene og det gode selskapet var det ingenting å seie på, men fisk er nå ein gong fisk og smakte derfor heilt skrekkelig. Me åt opp alt utan å få brekningar, men me var begge nære på ved eit par anledningar. Dermed kan ein, sett ut i frå forutsetningane, kalle måltidet for ein suksess, og det blir nok diverre eit nytt forsøk i veka som kjem. Faktisk ligg det alereie eit nytt eksemplar av "leviatan" i fryseboksen. Me gleda oss alereie!

4 kommentarer:

  1. Eg hadde venta lenge på denne! Ei stund trudde eg det ikkje vart suksess, sidan me ikkje høyrte noko, slik som du lova :D Det såg bra ut, etter kva ein med-ufaglært klarer å sjå.

    SvarSlett
  2. Du er goe min sønn, det viser at du kan når du bare må :-) Kanskje du klarer å skifte dekk på ein bil og! Eg er litt skuffa over at det ikkje blir lagt ut bilde av middagen, dokke er jo så gode til å ta bilde av all maten dere spiser :-)))

    SvarSlett
  3. Nå var ikke jeg særlig overrasket over at du kunne fuge - regnet med at fingerferdighet lå i genene! Men - jeg venter veldig på bilde av fuge'rn, i fullt arbeid og utstyr!
    Ellers - som vi alle vet, så er fisk utrolig godt! Dryss på salt og basilikumolje pakk i folie og legg oppå potetene - det er så godt at "du kan svella tongå"!!

    SvarSlett
  4. Geir: Eg byrja innlegget alereie på fredag, men så gjekk plutselig helga, og eg fekk ikkje tid til å sluttføre før i går.

    Siri: Bilder av middagen skal ordnes ved fyrste anledning. Blir sikkert ikkje før på torsdag då.

    Kari: Eg trur me skal spara verda der ute for "bar über" bilder av fuger'n, sån i tilfelle me har lesara med svakt hjarta. Grunne til at eg måtte jobba lettkledd var forøvrig ikkje forde det var tungt arbeid, men forde me framleis har 20-25 grader her nede... Tenk litt på det!

    SvarSlett