torsdag 6. oktober 2011

"Hei du! Mor di ringte, det er fisk til middag!"

Som nemnt i det føre innlegget så har me i dag to månaders bryllupsdag, og det skulle ifølge all erfaring tyde stor fest i Mudronova 18/1D. Det var IKKJE tilfelle denne gongen, då me var så heldige å få datoen 6 oktober på ein torsdag. Torsdag er nemlig fisketorsdag hjå familien Kirkeby, og det er vel få ting som innbyr like lite til feiring som akkurat fisk. Som i føre veke, og veka før det igjen, var det fisk av typen "Pink Salomon" som stod på menyen. Oppskrifta skal du få gratis av meg her på bloggen. Den gjer ikkje at fisk smakar godt, men den sørger for at me to som ikkje er så glad i fisk klarer å innta nødvendig mengde Omega-3 kvar veke.

  1. Kutt opp 1 stk. lauk i passe store biter, og fordel dei jamnt utover botnen i ei ildfast form.
  2. Ta dei to stykka med "Pink Salomon" og legg dei oppå lauken.
  3. Ha på dugelig mengde salt og pepper.
  4. Ha også på så mykje chili krydder (Av typen: Čili Papričky Sol'. Mogleg det er vanskelig å oppdrive dette i Norge) som samvitigheten tillater. (Poenget med sistnemnte krydder er ikkje fyrst å fremst smak, men å bedøve smaksløkene)
  5. Ha ca. 2 dl fløte i forma, slik at fisken bader i fløte.
  6. Ha på Karikrydder etter same prinsipp som i punkt 4.
  7. Til slutt skal heile sulamitten i ovnen på 200°C i ca. 30 min.
  8. Server det heile med kokte poteter.
  9. "Vel"bekomme
Det heile skal sjå omlag slik ut. (når det er ferdig)


Når dette innlegget går i trykken laga kånå cookies til mannen, så DÅ blir det litt feiring i kveld likevel.

3 kommentarer:

  1. Du får håpa at ikkje alle bryllupsdag feiringane kjæme på en torsdag då! Sølvbryllup er på ein tirsdag, så då kan du gleda deg det det i hverfall :-)

    SvarSlett
  2. Når du spiser laks skal du ikke bedøve smaksløkene - du skal krydre for å få frem den gode smaken! Ellers så er det jo mulig å kanskje ha fisk tirsdag eller onsdag de ukene det er feiring på torsdag:-))

    SvarSlett
  3. http://www.youtube.com/watch?v=LJ68AK06wtE&feature=related
    ?

    SvarSlett