tirsdag 13. september 2011

Eit livsteikn


Etter hyppig blogging for berre nokre få dagar sidan har det plutselig verte stille her på bloggen. Det har sine årsakar, og den viktigaste er at me no har reist heim til Martin for semesteret. I den nye leiligheten har me ikkje fått internett endå, så derfor får me ikkje kommunisert med verda der ute etter eige ynskje. Denne bloggen er skriven i Martin sentrum kor dei har gratis internett, noko andre byar i europa godt kunne ta lærdom av.

Dei siste dagana har gått med på å få leiligheten vår i stand. Me er ikkje heilt i mål endå, men no går det ann å bu der. Kånå skulle nok ynskja at det var noko meir orden, men dette er faktisk så godt det vert utan at me får tak i fleire hyller å sette tinga våre i.

I går byrja kånå på universitetet og det vil seie at den harde kvardagen er i gang igjen. Spesielt den fyrste veka kjem til å verte slitsom, i og med at det er mykje nytt, og at informasjonen universitetet gjev ut på førhand er dårlig og/eller missleiande.

Det trur eg var alt for denne gong, så vil nok aktiviteten her inne ta seg opp igjen når me slepp å gå inn til byen for å ha nettverk. For å avslutte vil eg nemne at sola skin frå ein skyfri himmel her i Martin og at me har hatt 25 grader + dei siste dagane. No visar gradestokken 27 grader.

3 kommentarer:

  1. Etter ryktene har Trondheim sentrum også gratis WIFI. Ikke det har noe å si, men plutselig får du bruk for det :D

    I Grimstad er det høyfrekvent skiftende skydekke, kuling av grovt kaliber, men likevell 15 grader.

    SvarSlett
  2. Kjekt med et livstegn! Det er gratis WIFI på en liten, unnselig bar utenfor Torrevieja også, bare til underretning. Ellers - måtte du skrive om været? Jeg har kjempet mot elementene på en joggetur i dag - gradene vil jeg ikke se på en gang! Kos dere:-))

    SvarSlett
  3. Her i Måltrostvegen er det og gratis WIFI :-) Eg sitter nå her med ullsokken på og synes synd på meg sjøl :-)) og været bryr eg meg ikkje om for eg kan ikkje gå ut i det :-(

    SvarSlett